Viktige datoar dette skuleåret: Det blir seksvekersplanlegging desse datoane. Elevane har fri, men SFO er ope og Siri kjem til å sende ut påmelding for desse dagane. Dei som har SFO-plass – har same tilbod som elles denne dagen. Dei som ikkje har SFO, får tilbod kl 08.50 - 13.30.

Dette gjeld desse dagane: 4. oktober, 22. november, 10. januar, 28. februar, 11. april og 23. mai

 Haustferien er i veke 41.

Fredag 1. november er det planleggingsdag. Skule og SFO er stengd. 

Måndag 2. desember er det julekonsert i Saften. 

Siste skuledag før jul er fredag 20. desember.

Første skuledag etter jul er torsdag 2. januar.

Onsdag 11. juni 2025 blir det sommarfest.