God jul!
Me vil med dette ynskje elevar og føresette ei riktig god julehøgtid og godt nytt år:) I dag har me kosa oss med frukost, adventsstund, "The julekalender", kahoot og snacks i klasserommet:)
Me vil med dette ynskje elevar og føresette ei riktig god julehøgtid og godt nytt år:) I dag har me kosa oss med frukost, adventsstund, "The julekalender", kahoot og snacks i klasserommet:)
Fredag 17. desember tok me turen til Kongeplassen. Vi tente bål, song julesong, og kosa oss med grilling. Etterpå var det frileik (nokre vart veldig kreative med å teikne seg sjølv i fjeset, som de ser av bileta.)
Takk for ein fin tur!
Tysdag 7. desember hadde 5.- og 10. klasse faddersamarbeid. Alle laga seg dørkransar, som dei dekorerte med konglar og raude band. Undervegs fekk alle julegløgg og pepperkaker. God julestemning!
Ein liten stemningsrapport frå adventsstund og leseprosjekt. Me kosar oss!
I siste timen i onsdag 1. desember hadde vi høgtideleg opning av mellomtrinnet sitt leseprosjekt. Alle klassane skal lese ein time kvar dag på skulen, og jobbe med bøkene dei les på ulike måtar.
Kjell fekk æra av å klyppe snora, og alle fekk eit glas brus.
No er vi endeleg i gong!
Tysdag 30. november var 5. klasse på besøk på muséet, Dei Heiberske Samlingar. Me var den første gjengen som var innom dei på opplegget "Jul, tru og tradisjon".
For tida jobbar me med brøk i femteklasse. I det høvet, har me starta nokre miniprosjekt i Minecraft. Elevane vart sette i par og fekk moglegheiten til å velje mellom to oppgåver. Begge oppgåvene dreiar seg om husbygging, der dei skal bruke brøkkunnskapane sine for å løyse oppgåva. I tillegg får dei repetert litt av det me har lært om areal. Me er ikkje ferdige, så me må bruke ein time eller to til, men elevane er ivrige og flinke til å samarbeide og hjelpe kvarandre.
I dag stod det faddersamarbeid på planen til 5.- og 10. klassingane. Dei eldste elevane tok ansvar for planlegging i framkant, og hadde laga ein dansestasjon, ein brettspel/kortspelstasjon og ein stasjon med uteleik der dei hadde "Capture the flag" og "Per på boks". 5. klassingane rullerte på alle stasjonane. Til slutt var det felles lunsj i 10. klasse sitt klasserom. Dette var moro!
Denne veka har me jobba med temaet "Barn - ikkje brud" som TV-aksjonen går til. Me har sett filmar, lese, og lært at i nokre land i verda må jenter heilt nede i 10-12-årsalderen gifte seg med vaksne menn. Dette får sjølvsagt mange negative følgjer både for jentene det gjeld, og for samfunnet som heilskap. Elevane har fått valt korleis ein ville fordjupe seg i emnet. Nokre valde å lage Power Point, nokre ville lage podcast, og nokre laga skodespel. Alle har jobba veldig godt!
Fredag brukte me heile dagen på dette emnet. Då starta dagen med ferdigstilling av fordjupingsarbeidet, før me møtte resten av skulen til appell i gymsalen og marsj rundt i byggjefeltet. Siste timen fekk alle gruppene framføre det dei har jobba med denne veka.
Måndag etter haustferien, var 5. klasse på besøk på miljøstasjonen. Først var me inne og fekk litt undervisning om Simas, litt generelt om kjeldesortering og nokre quizoppgåver, medan elevane fekk servert frukt. Etterpå var me på omvisning ute på miljøstasjonen. Det var eit spennande og lærerikt besøk. Takk til dei på Simas, som tok godt imot oss!