Internasjonal veke vart avslutta på staseleg vis
Denne veka har me jobba med temaet "Barn - ikkje brud" som TV-aksjonen går til. Me har sett filmar, lese, og lært at i nokre land i verda må jenter heilt nede i 10-12-årsalderen gifte seg med vaksne menn. Dette får sjølvsagt mange negative følgjer både for jentene det gjeld, og for samfunnet som heilskap. Elevane har fått valt korleis ein ville fordjupe seg i emnet. Nokre valde å lage Power Point, nokre ville lage podcast, og nokre laga skodespel. Alle har jobba veldig godt!
Fredag brukte me heile dagen på dette emnet. Då starta dagen med ferdigstilling av fordjupingsarbeidet, før me møtte resten av skulen til appell i gymsalen og marsj rundt i byggjefeltet. Siste timen fekk alle gruppene framføre det dei har jobba med denne veka.