Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Velkomen til nytt skuleår og skulestart 19. august 2024!

Velkomen til nytt skuleår og skulestart 19. august 2024!

Det er veldig kjekt å få ynskje velkomen til eit nytt skuleår, og skulestart måndag 19.08 kl 08.55. Ekstra velkomen til dei nye 6. og 8.klassingane, og deira foreldre.

I år har me 405 elevar og 65 tilsette på skulen. Me har ei god blanding av lærar og miljøterapeutar som alle vil gjera sitt for at elevane på skulen skal læra og trivast. Vår primæroppgåve på skulen er å danna og utdanne. For å gi elevane den beste opplæringa og for at kvar og ein skal ha eit godt og trygt læringsmiljø, er det viktig å ha eit godt samarbeid med foreldre og andre instansar som kan bidra til det beste for eleven. Dette skal me få til med god kommunikasjon og god involvering frå alle partar. 

Alle elevar og føresette vil få melding i Visma om kvar den einskilde klasse skal møte første skuledag.Ta kontakt med tilsette på trinnet eller leiinga om de har spørsmål. 

Velkomen til nytt skuleår, me gleda oss til å treffe dykk!

Helsing alle tilsette på Kvåle skule 😊 

Kvåle skule

Publisert | Oppdatert 12. august 2024