Stafett og toppoppgjer i fotball!
To store hendingar på skulen nest siste dagen før sommarferien tek til: Stafett og ein gysar av ein fotballkamp mellom 10. klasse og lærarlaget. Maks innsats og full jubel under stafetten. Nokre lag må trena litt meir på vekslingane neste år, men dei som skulle vinna, vann i år òg.
Ramma rundt årets fotballkamp var oppgradert til ny versjon med profesjonell speaker, innmarsj og namneopprop. Sjølve kampen vart eit tett og jamt oppgjer med mange sjansar til begge lag, ved kampslutt stod det 1-1, dermed måtte kampen avgjerast med straffekonkurranse. Etter straffebom av blant anna sjefen sjølv, kunne 10. klassingane gå sigrande ut av kampen. Me gratulerer og takkar for kampen!