Sol, ski og store smil!
Vêrmeldingane innfridde og det spontane bytet av ungdomsskulen sin skidag frå torsdag til fredag viste seg å vera ein innertiar. For ein dag på ski! Glade ungdomsskuleelevar susa rundt i slalombakkane og i langrennsløypene i Rindabotn. Når me i tillegg kunne innta lunsjen i kvar vår fluktstol i solsteiken, vart dagen berre endså betre. Særdeles god stemning, altså!