Skulehelsetenesta
Wenche Merete Sollid
Helsesjukepleiar
Tlf: 99 28 61 23
E-post: wenche.merete.sollid@sogndal.kommune.no
Arbeidsdagar på Kaupanger skule: måndag, tysdag, torsdag og fredag.
Barnetrinnet
Skulehelsetenesta skal vera lett tilgjengeleg for elevar, foreldre/føresette og dei tilsette på skulane.
Me tilbyr helsesamtalar, råd og rettleiing og heimebesøk. Dess tidlegare ein blir kjend med det som er vanskeleg for barnet, dess lettare kan me hjelpe.
Ungdomsskulen
Open dør, avtalar og samtalegrupper
Elevane kan komme innom helsesjukepleiar utan avtale eller foreldra/føresette kan ringje og gjere ein avtale.
Helse og utvikling
Skulehelsetenesta jobbar for å fremje ein best mogleg helsemessig utvikling hjå elevane. Me tilbyr helseundersøking, vaksiner i tråd med barnevaksinasjonsprogrammet, oppfølging og samtaler, og me har undervisning og rettleiing i grupper og klassar.
Aktuelle tema for samtalar og helseundersøking
- Trivsel/klassemiljø/skulefråvær/mobbing
- Kroppen i vekst og utvikling, fysisk og psykisk smerte - magesmerter, hovudverk, søvnvanskar, stress/press/bekymringar, eteanskar, tristheit, sjølvskading, sorg
- Praktiske utfordringar og bekymringar når foreldre ikkje bur saman
- Nettvett/nettbruk
- Syn, høyrsel
- Seksuell helse og prevensjon
Link til helsestasjonen for ungdom og unge vaksne 13-25 år
Kva kan du få hjelp med på helsestasjon for ungdom og unge vaksne (HFU):
- Rettleiing om seksuell helse
- Prevensjonsrettleiing og tilgjengeleg og sikker prevensjon
- P-stav , innsetjing og fjerning
- Testing og behandling av seksuelt overførbare infeksjonar
- Samtalar om psykisk helse
- Samtalar om det ungdom ynskjer å snakka om
Nyttige lenkjer
- Zanzu
- Hovudlus
- Vett på nett
- Vald og overgrep - helsenorge
- NOK Sogn og fjordane
- Røyking
- UNG.no
- Psykisk helse barn og unge - her får du hjelp
- Alarmtelefonen for barn og unge (116111.no)
Helsesjukepleiar arbeider etter eit fastlagt skulehelsetenestegrogram
Alder/Klasse |
| Ansvar | Kontaktform |
---|---|---|---|
5-6år | Førskulekonsultasjon -samtale med helsesjukepleiar og måling av vekt og høgd | Helsesjukepleiar | Individuell |
2.klasse | Tilbod om vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio | Helsesjukepleiar | Individuell |
3.klasse | Samtale m/måling av vekt og lengd | Helsesjukepleiar | Individuell |
4.klasse | Helseopplysning om kosthold og tannhelse | Helsesjukepleiar og tannpleiar | Gruppe |
5.klasse | Helseopplysning om pubertet; kropp, grenser, tanker og følelser. | Helsesjukepleiar og skulelege | Gruppe |
6.klasse | Tilbod om vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar (MMR) | Helsesjukepleiar | Individuell |
Helsesirkelen eller PF?? | Helsesjukepleiar | Gruppe | |
Helseopplysning om vold og overgrep | Helsesjukepleiar og Nok | Gruppe | |
7.klasse | Tilbod om vaksine mot HPV | Helsesjukepleiar | Individuell |
8.klasse | Samtale m/måling av vekt og høgd | Helsesjukepleiar | Individuell |
9.klasse | Undervisning om psykisk helse | Helsesjukepleiar og psykolog | Gruppe |
10.klasse | Samlivsundervisning | Helsesjukepleiar og skulelege | Gruppe |