Til stades: Christina Sørheim (10. trinn), May Brit Vikdal (9. trinn), Birte Husum (8. trinn), Ane Solbraa (7. trinn, referent), Hans Gunnar Hagelin (6. trinn) og Tone Bakke (rektor).
1.
Medlemmane presenterte seg. Det er to nye representantar i FAU i tillegg til ny rektor.
2. Saker frå rektor og skulen – Tone informerer om aktuelle saker og seier noko om dei prioriterte områda for skulen i tida framover
Tone gav oss eit innblikk i hennar opplevingar etter vel 2,5 mnd som rektor. Ei tid som har vore prega av trivsel, stor aktivitet, tilsette som tek ansvar og elevar som engasjerer seg.
Satsingsområda framover er å jobbe med å strukturere skulen ut i frå behov og mandat, få på plass rutinar, system og ansvar. Skulen har tatt eit val om å nytte læringsopplegget «Meistre livet» som er tilpassa handlingsplan og kompetansemål i fag, og den er utvikla i Sogndal og Luster kommune i samarbeid med tilsette. Vidare skal skulen ha fokus på overgangar – frå Trudvang og til VGS, mellom anna i fag som matematikk og lesing. Kvåle skule er nominert til Benjaminprisen mot rasisme og inkludering og har jobba med å sende inn dokumentasjon til denne. FAU fekk sjå ein flott film frå skulen som blir lagt ved denne dokumentasjonen.
Arrangement gjennom skuleåret er Bry deg dagen, Ungdomsglede, nyttårsball, ballturnering, temadag og kortare happeningar som julekino, morgonmøte, halloween, bålpanne m.m. 1. desember, Luciafeiring, rocksokk, fotballtrøyefredag, påskekjekt, Id og pride. Elevrådet kjem og med aktuelle innspel i løpet av skuleåret.
Andre aktuelle saker det vert jobba med er uteområdet - her er tiltaka ein så for seg på kort sikt i ferd med å kome på plass og ein har elles dialog med Sogndal fotball, kantineområdet - treng ei oppgradering, og Berlintur/Fredsreise for 10. trinn - ny organisering i foreldregruppa for kommande kull. Det vert jobba med innspel til budsjett for 2025 og når ein ser på behovet for neste skuleår og elevtal for ny 8. klasse er det behov fleire klasserom og grupperom. Skuleåret vart starta med ei gjennomgang av reglar for mobilbruk ved skulen i påvente av nye skulereglar i Sogndal kommune som skal regulere dette. Skulereglane er no på plass og skulen vil jobbe vidare med å innføre desse. Ordning med å få skule PC med heim er på plass for elevar som treng det. Føresette må då ta kontakt med kontaktlærar.
Det vert gjennomført storøving for beredskap og kriseleiing i kommunen 29. oktober.
Hovudfunn frå Ungdata undersøkinga vart gjennomgått. I løpet av året blir også Spekter og Elevundersøkinga gjennomført. Ein kan då sjå desse resultata i samanheng.
Til oppfølging: FAU inviterer inn leiar for foreldregruppa for Berlintur/Fredsreise for informasjon om ny organisering og dialog – Ane følger opp. Dei ulike elevundersøkingane vert satt opp på eiga møte etter januar 2025 slik at dei kan sjåast i samanheng.
3. Saker frå FAU – Ane oppsummerer kort sakene FAU jobba med i 23/24 og vi tek ein dialog om kva for saker vi ev. ønsker å jobbe vidare med i 24/25
Skule pc’ar: Foreldre har etterlyst ei betre ordning for dette ved Kvåle skule. Ein har undersøkt rutinar ved andre skular og gått inn for ei prøveordning frå hausten 2024. Denne er no iverksett. Vi tek prøveordninga opp til evaluering vil våren.
Oppfølging av gratisprinsippet i samband med skuleturar: Foreldregruppa har opplevd usikkerheit og uklarheit knytt til foreldredugnad og elevbedrift/-arbeid i samband med finansiering av 10. klasseturen etter nye retningslinjer knytt til gratisprinsippet i samband med skuleturar. Skulen har starta arbeid med å utarbeide eit dokument/ei handbok for rutinar knytt til dette arbeidet og foreldregruppa for turen har organisert seg på ein ny måte. FAU inviterer inn leiar for foreldregruppa i 9. klasse for å informere og ønskjer å bli orientert om arbeidet ved skulen og ev. hjelpe til i dette arbeidet.
Skulen sine beredskapsrutinar ved uønska hendingar knytt til alkohol og andre rusmiddel: Det har frå foreldregruppa kome spørsmål om kva beredskapsrutinar skulen har for situasjonar der elevar nytter alkohol og andre rusmiddel i samband med skuleturar og andre skulearrangement. I det systematiske kvalitetsarbeidet i kommunen blir det jobba med beredskapsrutinar i tillegg til at ein på skulen forbereder seg i forkant av arrangement på/utanfor skulen.
Oppfølging av skulevegring og elevar som ikkje møter på skulen: FAU fekk på etterspurnad og på eit generelt grunnlag informasjon om kva Kvåle skule gjer for å følge opp elevar med skulevegring og elever som ikkje møter på skulen. FAU ønskte gjennom å ta opp saka å peike på at dette er eit viktig arbeid å prioritere framover. Det står FAU fortsatt inne for.
Elevundersøkinga: Elevundersøkinga vart presentert for FAU. For 24/25 ønskjer FAU at Ungdata, Elevundersøkinga og Spekter vert satt opp på eiga møte og sett i samanheng.
Uteområde Kvåle skule: Saka fekk oppmerksomheit frå elevar, foreldre, ordførar og Samarbeidsutvalet. Ein har hatt dialog med Sogndal fotball og satt opp tiltak på kort og lengre sikt. Fleira av tiltake på kort sikt er i ferd meg å kome på plass. FAU meiner det er viktig å halde trykket oppe i denne saka.
Mobilfri skule: Saka var opp i FAU og SU før FAU sendte innspill om mobilbruk i skulen til ny forskrift til skulereglar. Skulereglane er vedtatt og regulerer mobilbruk i skulen i tråd med dei nye nasjonale anbefalingane.
Nye Trudvang skule: FAU leiar deltok på Samskapingsmøtet knytt til nye Trudvang skule i juni.
Til oppfølging: Prøveordninga med skule-pc’ar vert tatt opp til evaluering vil våren, leiar for foreldregruppa/turgruppa i 9. klasse vert invitert inn for å informere om ny organisering, FAU blir orientert om arbeidet ved skulen og kan ev. hjelpe til i dette arbeidet. Dei ulike elevundersøkingane vert satt opp på eiga møte etter nyttår og sett i samanheng.
4. FAU organisering og samarbeid – Dialog om korleis vi ønsker at arbeidet i FAU skal vere og korleis vi best skapar eit velfungerande samarbeid mellom skulen og FAU
Det er viktig med informasjon frå skulen på møta og at FAU kan komme med innspel på saker som skulen jobbar med. Det er også viktig at FAU kan komme med saker og at ein finn ein god balanse mellom saker frå FAU og frå skulen. Det er ønskje om at rektor er med på møta med mindre noko anna er føremålstenleg.
Ansvarsfordeling: Leiar kallar inn og set opp saksliste i samråd med rektor og etter innspel frå FAU representantane. Referatskriving går på omgang mellom FAU representantene. Det finst inga vedtekter som seier noko om kor lenge ein sit i verva, men det var einigheit om at Ane fortsett som leiar og Christina som nestleiar.
Informasjon: Representantane er ansvarleg for kommunikasjon med foreldrekontaktane på sine trinn gjennom høvelege kanalar (i dag vert Messenger og Spond nytta) i forkant og etterkant av møta. Referat frå møta vert lagt ut på skulen sine nettsider og formidla til foreldrekontaktane på trinna som då kan informere vidare i sine klasser. FAU vurderer behovet for eit fellesområde for lagring av dokument.
5. Møteplan for 24/25 for FAU og Samarbeidsutvalet (SU)
Det blir lagt opp til FAU-møte i desember (2.12.), februar og april. Møte i SU blir etter planen i november.
6. Ymse
Skulen har ein del sjukemeldingar og ein jobbar med å få faste vikarar noko som tek litt lengre tid å få på plass, men som over tid vert betre.
Oppdatert kontaktinformasjon FAU for skuleåret 24/25: FAU 2024 / 2025 - SOGNDAL KOMMUNE
Oversikt over foreldrekontaktar for skuleåret 24/25: https://www.kvaale.skule.no/foreldrekontaktar.580329.nn.html