På besøk hjå kompisklubben i Furuli
Onsdag 04. mai tok me turen opp i barnehagen for å treffe kompisklubben. Desse ungane skal femteklassingane vere fadrar for frå hausten av. Elevane hadde på førehand planlagt fire ulike aktivitetar som skulle gjennomførast ilag med barnehageungane. Ei gruppe hadde ansvar for fotball, ei gruppe hadde gøymsel og sisten, ei gruppe hadde teikning og leik, medan ei gruppe hadde paradis og hoppetau m.m. Elevane var veldig flinke med å tilpasse seg dei små og gjere naudsynte endringar undervegs. Desse kan bli flinke fadrar!