MOT-TIL-Å-GLEDE - dagen!
Tysdag 23. november markerte me MOT-til-å-glede- dagen. Ungdomsskuleelevane starta dagen med felles frukost på musikkrommet. Her gjekk brødskiver, pålegg og agurk ned på høgkant. Dei unge MOTivatorane våre minna oss på enkle ting me kan gjera for å gleda folk rundt oss, ikkje berre denne dagen, men kvar dag. Eit smil, eit "hei!", ein venleg kommentar eller ei hjelpsam hand kan gjera at andre får ein betre dag. MOTivatorane arrangerte eit eige MOT-lotteri med flotte vinstar sponsa av lokale butikkar. I dette lotteriet var det ikkje pengar i spel, men post-it-lappar med gode ord om andre som ein meinte fortente det. Dei vaksne prøvde òg å gjera sitt for spreia glede til elevane med eit eige lærarband og ein eigen versjon av årets BlimE-låt "Dynamitt".