Me har rydda og plukka bos i bygda!
Torsdag 12. og fredag 13. mai var klassane ute i bygda for å rydde og plukke bos. Det låg mykje bos rundt om, og elevane har gjort ein kjempejobb med å samle inn. Dei kom att til skulen med fulle bossekker. Boset skal no leverast der det høyrer heime - på SIMAS. Bygda er no ryddig og fin - og klar for 17. mai-fering!