Me delte elevane inn i åtte grupper, som vart fordelte på fire forskjellige aktivitetar igjennom dagen. Dei fekk prøve seg på å brette både korg og briller, dei fekk spele mattespelet Numetry, dei fek spele Yatzy og kort, og dei fekk bygge tårn av sugerøyr og piperensarar. Både elevar og vaksne var godt nøgde etter at dagen var gjennomført.
Matematikkdag på mellomsteget
"Dette var jo ikkje mattedag, me har ikkje hatt matte i det heile teke i dag!" Dette sitatet vart høyrt i ein av klassane på mellomsteget på fredag. Origami, tårnbygging, Numetry og terningspel - alt dette er matematikk! Ivrige elevar fekk bryne seg på forskjellige oppgåver med problemløysing innanfor matematikk på fredag 25. mars.