Lokal entreprenørskapsmesse
Onsdag 23. mars kunne 9. klassingane invitera 8. og 10. klasse, rektor Kjell og inspektør Frode på vår eiga lokale entreprenørskapsmesse i formingrommet. Etter å ha jobba med idéutvikling, marknadsføring og sal sidan i haust, kunne dei ulike bedriftene profilera seg sjølv og produkta sine for dei andre ungdomsskuleelevane. Målgruppa var hovudsakleg 8. klassingane som til hausten skal igang med sine eigne bedrifter. Kanskje kunne dei henta inspirasjon frå årets bedrifter? Tysdag 26. april skal to av bedriftene våre representera skulen på den regionale messa i Gaupne, i regi av Sogn regionråd. Bra jobba av alle saman!