Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Friluftslivgruppa på tur

Fredag 08.03 var friluftsliv valfag 8. og 10.kl. på dagstur. Me møtte på Ruud og gjekk oppover bøane til Bomben. Her følgde me myrane på høgre sida av elva fram til den nye demningen. Me kryssa den, og hadde leir ikkje lang unna skiløypa ved Lomstjørni. Me var 20 elevar, 2 lærarar og 2 studentar som hadde ein nydeleg dag i strålande vær. Elevane laga sitteplass og bål som alle kunne sitja rundt. På turen opp brukte me kartet til å orientere oss. Lett å gå på skaren med feller, og god trening i å ploga når me skulle ned att!

Friluftsliv på tur

DSC_0658
DSC_0660