Tor Arve Røssland har skrive mange bøker for born og ungdom. Denne gongen kom han på besøk til oss for å fortelja om boka "Glimt". I 1940 blei Noreg okkupert av Tyskland, og i løpet av krigen hadde mange norske jenter ein tysk kjærast. Boka Glimt fortel om éi av desse jentene. Boka er også ein spennande grøssar som handlar om korleis grusomme hendingar kan setje djupe spor. Røssland las frå boka si og fortalde om korleis han dreiv research for denne boka. Dette var eit inspirerande og kjekt besøk i regi av den kulturelle skulesekken.
Forfattarbesøk på ungdomstrinnet
Onsdag 3.2 var ungdomstrinnet så heldige å få besøk av forfattaren Tor Arve Røssland.