Rótha – Norden for 1000 år sidan
Måndag 16. januar fekk me besøk av Den kulturelle skulesekken. Dei tok 1.-7. klasse med 1000 år tilbake i tid. Jarl Thorgrim er på vikingferd frå Avaldsnes til Bjarmeland. På ferda møter han ei samejente. Framsyninga gav eit innblikk i den norrøne og samiske kulturen. Nydeleg song og formidling!