Årets beste lokalmiljøprosjekt: Mini-Knaken!
Elevbedrifta Mini-Knaken, v/ Emil og Ronja, vann i dag prisen for årets beste lokalmiljøprosjekt på entreprenørskapsmessa i Gaupne. Saman med EB Grøn Toast og 28 andre elevbedrifter frå regionen, presenterte dei seg på ein stand i idrettshallen i Gaupne. Her kunne over 400 8. klassingar få tips og inpsirasjon til oppstart av sine eigne bedrifter neste skuleår. Ein jury på 6 personar hadde på førehand intervjua alle bedriftene via Teams, i tillegg køyrde dei ein ny intervjurunde i dag på sjølve messa. Vinnarane i 7 ulike kategoriar vart annonserte og heidra på slutten av messa. Godt jobba av begge bedriftene som representerte Kaupanger skule, og gratulerer til Mini-Knaken!