Onsdag 29. september hadde me i 5. klasse besøk av forfattar Pia Strømstad. Ho har skrive mange bøker, men den boka ho kom og fotalte om denne gongen heiter 10 ville ekspedisjonar. Ho var veldig engasjerande, og elevane i 5. klasse var meget deltakande. Me lærte til dømes at månelandinga vart redda av ein penn, og at denne no er på utstilling. Takk for besøket!
I dag hadde me litt utvida lunsj i femteklasse, også kalla TMF. Dette var første gong for denne gjengen. Elevane hadde med seg litt god mat kvar til seg, i tillegg til at Alva og Ida hadde laga muffinsar og Amalie hadde baka kanelbollar, som alle fekk smake. Tusen takk til desse tre for initiativet! Elles laga me grupper med "kafébord" og elevane oppretta eigen spotifyliste. Dette var stor stas!
I dag, fredag 17.09.21, var me på vår siste av tre miniutflukter. I dag såg me husa til Jonas, Isak, Magnus og Amalie. Nok ein flott tur! No har alle elevane fått bilete av sine hus på veggen i klasserommet.
I dag gjekk turen på feltet, for å sjå husa til Daniel, Alva, Maria Kristina, Emilie Sofie, Ida, Emil, Tilda, Celine og Diana. Det vart ein fin trimrunde på ein varm haustdag. I klasserommet har me hengt opp bilete av alle husa me har "besøkt" til no:)
Tysdag 1. september tok me i 5. klasse oss ein tur på Skogen for å sjå på husa til dei som bur der. Vi fekk til og med helse på ein søt, liten hund (som var litt vanskeleg å ta bilde av).
Førre veke var heile gjengen omsider samla, då tok me klassebilete. Det finaste vart brukt til å henge i klasserommet. Her ser de det biletet, i tillegg til eit litt mindre seriøst eit:) Ein fin gjeng, dette!
Fredag 11. juni brukte 4A heile skuledagen sin til fjelltur. Alle dei spreke ungane kom seg både på Kvitebergholten og Hauståkernakken, lett som berre det:) Ein flott turdag i perfekt turvær med spreke fjerdeklassingar!
Tysdag 8. juni hadde fadderklassen organisert ein veldig kjekk time med sykling for oss. Elevane vart delte i seks grupper, der alle var innom stasjonar med trening i diverse sykkelferdigheiter. Fadrane var instruktørar og motivatorar for oss. Alle var ivrige på alle stasjonane. I tillegg var alle innom ein servicestasjon, der dei fekk ein sjekk på sykkelen sin. Tusen takk til 9. klasse for eit kjempeopplegg!