Onsdag 04. mai tok me turen opp i barnehagen for å treffe kompisklubben. Desse ungane skal femteklassingane vere fadrar for frå hausten av. Elevane hadde på førehand planlagt fire ulike aktivitetar som skulle gjennomførast ilag med barnehageungane. Ei gruppe hadde ansvar for fotball, ei gruppe hadde gøymsel og sisten, ei gruppe hadde teikning og leik, medan ei gruppe hadde paradis og hoppetau m.m. Elevane var veldig flinke med å tilpasse seg dei små og gjere naudsynte endringar undervegs. Desse kan bli flinke fadrar!
Tysdag 03.05. var femteklasse på gardsbesøk og fekk sjå Ida sine lam. Me kom to timar etter dei siste lamma var fødde. Først var me inne i fjøsen og fekk sjå, klappe eller halde lamma. Terje, Ida sin pappa, forklarte og svara på spørsmål frå elevane. Etterpå var me med og sendte ein del av sauene ut på bøen. Før me gjekk tilbake på skulen åt me frukt og leika litt "Per på boks"
5. klassingane har sydd seg fine forklede i kunst og handverktimane. Her er alle iført sine ferdige produkt. I tillegg ser de noko av påskepynten dei har laga.
"Dette var jo ikkje mattedag, me har ikkje hatt matte i det heile teke i dag!" Dette sitatet vart høyrt i ein av klassane på mellomsteget på fredag. Origami, tårnbygging, Numetry og terningspel - alt dette er matematikk! Ivrige elevar fekk bryne seg på forskjellige oppgåver med problemløysing innanfor matematikk på fredag 25. mars.
Måndag 14. mars reiste mellomtrinnet på skidag i Hodlekve. Det nydelege været gjorde sitt til at stemninga var på topp!
Elevane kunne velje om dei ville vere med på skileik eller køyre i trekket. Det var god aktivitet i alle leirar. Ein kjekk dag for både vaksne og ungar!
Denne fredagen har me kosa oss litt ekstra. Me starta dagen med minecraftopplegg om samane sin nasjonaldag, før me hadde TMF. Prikken over i-en var gymtimen i lysløypa. Strålande sol, blide aktive ungar.
Onsdag 2. februar, hadde 5. klasse aking på Brekkebøen og ski på bana i kroppsøvingstimen. Me var ein liten gjeng som var på skulen, men moro var det uansett:)
Fredag 21. januar var det endeleg vår tur til å besøke ViteMeir. Den første timen hadde me meldt oss på opplegget "Kunstnerisk programmering" der Eskil lærte oss korleis me kunne kode i programmet Scratch, og me fekk prøve sjølv. Siste timen nytta me til å sjå på utstillingane. Ein veldig kjekk og lærerik dag!
I dag var 5. klasse ute heile dagen. Me gjekk bort til Kvernhushaugen. Der hadde me både litt norsk, engelsk, matematikk og fysak/KRØ. I tillegg hadde me bål, slik at det var moglegheit for grilling. Ein fin utedag.