7A kosar seg på leirskule
3 dagar er allereie ved vegs ende på Hauglandsenteret, og me kan love at me kosar oss både elevar og vaksne. Me har vore på utflukt i kano, padla kano og kajakk her i bukta, laga pizza på stormkjøkken, hatt bogeskyting, rapellering, bushcraft og nokre har bada - både ute og inne. Til tross for lange dagar med aktivitetar har det også vore fritid der elevane har stifta nye bekjentskap med elevar frå andre skular, spela spel, bordtennis og fotball osv.