Målsetjing: Leikanger Barneskule skal vere ein triveleg stad å vera for alle. Dette gjeld både elevane og dei tilsette. For å få dette til, må alle vere med å ta ansvar både for seg sjølv, kvarandre, romma i skulebygningane og uteområdet.
Dette inneber mellom anna:
- Å oppføra seg på ein slik måte at ein syner god folkeskikk.
- Å ta omsyn til andre. Dei største bør føla ekstra ansvar for dei minste.
- Å leggja ting på plass etter at ein har brukt dei. Dette gjeld både i klasseromma, i sløydsalen og i handarbeidsromma.
- Å halda orden i skulesakene, og å gjera heimearbeidet til rett tid.
- Å vera ute av klasserommet i friminuttet. Både elevane og klasserommet treng tilførsle av ny frisk luft. Ved særlege vertilhøve kan elevane få vera inne etter avgjerd frå rektor.
- Å tørka skikkeleg av seg på beina før ein går inn. Dette gjeld særskilt for dei som har vore på grusbana og sparka fotball. BRUK MATTENE .
- Alle må bruka innesko i klasseromma.
- Å hugsa på at ein skal oppføra seg fint på skulevegen og i skulebussen.
- At sykkel, spark og kjelke skal plasserast utanfor skuleplassen, og ikkje brukast i skuletida.
- At fotballsparking berre er tillate på grusbana.
- At bruk av rulleskøyter og rullebrett berre er tillate med verneutstyr på hovudet, olbogane, handledda og knea.
- At ein nyttar hjelm når ein går på skeiser.
- At elevane skal halda seg på skulen sitt område i skuletida. Dersom nokon skal forlate skulen i skuletida må han/ho ha avtalt dette med læraren sin.
- At snøballkasting berre er tillate på oppsett blink.
- At klatring på bygningane er forbode. Vert ballar kasta på taket eller sparka utanfor gjerdet, skal ein varsla vaktmeister eller den som har inspeksjon.
Elevar frå 5., 6. og 7. klasse får sykle til og frå skulen dersom dei brukar sykkelhjelm.
Snop og søtsaker er tillate berre ved heilt spesielle høve som avslutningsfestar og liknande.
Røyking og bruk av andre rusmidlar på skulen sitt område er strengt forbode.
Vedtekne på møte i SU : 14.01.99
Konsekvensar ved regelbrot.
Dersom elevane bryt ordensreglane skal det reagerast straks.
Konsekvensane kan vera:
- samtale med klassestyrar, inspektør eller rektor
- melding heim, skriftleg eller munnleg.
- bortvising frå område dersom ein har laga uro eller ikkje teke omsyn til eigen eller andre sin tryggleik.
- inndraging av friminutt.
- bortvising frå timen og event, plassering i andre klassar. Dette gjeld også i samband med konsertar, turar og andre liknande arrangement.
- inndraging av ball resten av dagen dersom ein sparkar andre stader enn på fotballbana.
- eleven vert halde att etter skuletid. Dette skal gjerast m.a.ved snøballkasting utanom oppsett blink. Heimen skal ha melding om dette før det vert utført.
- lærar tek vare på ting som det er forbudt å ha med på skulen eller som uroar i timane, m.a. mobiltelefon. Heimen får melding. Eleven får dette att etter ei veke.
- dersom tryggleiksutstyr ikkje vert nytta vert eleven fråteken denne aktiviteten resten av dagen.
- ved alvorlege regelbrot som går på mobbing og trakasering vert dette handsama i samsvar med trivselplan og handlingsplan mot mobbing
- rektor kan gjere vedtak om bortvising frå einskildtimar eller for resten av dagen. Ved bortvising for resten av dagen skal foreldra varslast før tiltak vert sett i verk.
- ( § 2-10 i opplæringslova )
- elev/foreldre kan bli gjort økonomisk ansvarleg for inntil 5000 kr. dersom medelevar eller skulen sin eigendom med overlegg vert skada eller øydelagt. ( jfr. §1-2 i skade erstatningslova )
Før tiltak vert sett i gang har elevane rett til å få uttale seg.
Tillegg til ordensreglar "Konsekvensar ved regelbrot" vart vedtekne i SU 8.5.2003