|
Matøkt torsdag 27.august:
Ein av gutane sit og kosar seg med nista si. Han har med seg fleire pærer, og høfleg vender han seg til læraren og spør om ho vi ha ei. "Ja takk", svarar læraren, tek ein bit og seier: "Nam, dette var gode pærer. Er dei frå eigen hage?" "Nei", svarar guten med eit smil..." ...frå naboen sin".
Mattetime onsdag 21.10.09:
Læraren gjennomgår leksa saman med elevane. Dei jobbar med oppgåver knytt til sannsyn og kombinatorikk. I oppgåva står det:" Tor kastar to terningar, ein raud og ein kvit. Kor mange ulike terningkast kan han få?" Ein elev rekkjer opp handa, tydeleg frustrert. "Denne oppgåva er nesten umogeleg", utbryt han. "Korleis det?", spør læraren. "Jau, for det er jo ulik farge på terningane", svarar eleven...
RLE-time torsdag 22.10.09:
Klassen sit og løyser oppgåver til teksten dei har hatt i heimelekse. Stoffet dreiar seg om heilage personar og heilage ting. Ei jente ropar plutseleg ut: "Ååå, no veit eg kva ein "attributt" er!" "Så flott!", smiler læraren. "Vil du fortelje oss kva det er då?" "Ja! strålar jenta. "Det er kjenneteiknet på helg!"...
Siste time fredag 19.03.10:
Både lærar og elevar er småslitne etter ei lang skuleveke, og etter mykje småprat får læraren nok. Ho rettar merksemda mot ein elev på fremste rad og utbryt: "Nei, viss da ikkje no verte stilt, so...drege eg deg i halen (mild variant av "so faor du pisk i røvi"). Eleven kontrar umiddelbart: "Keleis hale?... å ja, dan halen!" Læraren, som er langt frå budd på eit slikt svar, prøver stotrande å ro det heile i land : "Nei, herrebåddn! Sjølsakt ikkje!" Ein gut på 2. pultrad spør då flirande: " Kan du ikkje dra meg litt i halen dao?" Lettare stressa prøver læraren å overhøyre kommentaren, då det kjem høgt og bestemt frå ein pode på bakarste rad: "He, nei...! Din hale faor ho ikkje tak i!" God helg:)
|