Ulandsaksjonen 2010

ULANDSAKSJONEN
Det er 4 klasse som har ansvar for ulandsaksjonen som me har hatt ved skulen i mange år.
No går pengane til ein barnehage i Sør-Afrika som Per Steinar Melås har starta.
På sykkeldagen selde me vafler og saft og fekk inn nesten 2000 kr. 

Fredag 4.6. har mellomsteget balldag. Då har me tenkt å grilla og selja grillmat. Pølse med brød kr 15, saft kr. 5.
Fredag 11.6. skal me ha ein aksjonsdag med orienteringsløype som alle elevane skal gå gjennom. Denne dagen vil me selja vafler og saft.  Vaffel kr. 10, saft kr. 5.
Viss det er  foreldre har anledning til å møta opp ein av desse dagane (eller begge), er det også fint.

Så håpar me å få inn mykje peng til barnehagen i Afrika. På den måten kan elevane vera med å hjelpa born i andre land.

Informasjon om barnehagen finn du HER.