KANDISSUKKER OG LAMPEOLJE

Ei prestedotter frå Austlandet gifter seg med ein dreng i frå Vik. Dei to kjøper eit nyryddingsbruk for pengane som ho har arva etter far sin. Teaterstykkjet startar i det kona skal gå i fjøset ein søndagsmorgon.
Onsdag 21.04 vitja Jens Brekke og Elin Grytting barneskulen med teaterstykket
kandissukker og lampeolje. Brekke og Grytting er fantastiske formidlarar og musikarar,
og får elevane til å leva seg inn i kvardagen til småkårfolk for hundre år sidan.
Ei flott framsyning som me seint vil gløyma.