Tysdag 19.januar blir det langrenn på Kleppa. Sonerenn vil seie at det kjem ungar frå nabokommunane for å vere med og.
Alle er velkommen til å delta, dei under skulealder går vanleg karusellrunde, 1. - 4. kl kan velje å gå på tid, dei som er eldre går alle på tid.
Utan tidtaking startar 18.00-18.20, klassar for tidtaking startar frå 18.30.
Under 10år går 1km, 11-12år: 2km, 13-14år: 3km, eldre går 5km.
Påmelding til Gunnar Søderholm, 95259709, seinast søndag 17.01. Dei som har vore med på karusell og ikkje vil gå på tid treng ikkje melde seg på spesielt til sonerennet.
Det vert enkle premiar til alle som deltek, og etter rennet vert det kveldsmat på Kleppahytta.
Velkommen til triveleg skikveld på Kleppa.
Helsing Syril - skigruppa